SOMMARTRIMMEN 2017

Postet av Skrautvål IL den 27. Jun 2017

Trimgruppa i Skrautvål IL arrangerer årleg SOMMARTRIMMEN. Det er i år operative kasser på seks turmål som inneheld registreringsbøker og turskjema. Bøkene vil ligge ute frå starten av juni til 8. oktober. I slutten av oktober vil vi trekke ein del premiar blant dei som har levert inn turskjemaet sitt. Vaksne må ha vore på fem turmål og barn (t.o.m. 16 år) må ha vore på tre. Fristen for innlevering er i år 13. oktober. Informasjon om kvar du kan levere dette, finn du på skjemaet. Hovudpremien både for vaksne og barn er eit gåvekort på G-Sport Fagernes på kr 500. Er det tomt for turskjema i kassene, finn du det her digitalt saman med kartutsnitt og nærare informasjon om turmåla.

GOD TUR!

Skjema Sommartrimmen 2017.pdf

Informasjon turmål sommartrimmen 2017.pdf




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc