Rogne il ønsker alle velkomne til Skiferrunda på fredager!

Postet av Skrautvål IL den 24. Mai 2017

Rogne IL startar opp att med terrengløpet Skiferrunda fyrstkomande fredag.

Start og mål er ved Trudvang skytebane i Rogne.
Løypa går i skogsterreng, på skogsbilveg, sti og grusveg, og er ypperleg for å koma i form til løpesesongen, skisesongen, sykkelsesongen eller berre for å få ein fin treningstur.
Du kan velge mellom 2,3 eller 7 km, med tidtaking, eller trim utan tidtaking.
Påmelding og start frå kl 18 for trimmarar.
Start kl 1830 for dei som vil springe på tid.
Deltakinga er gratis og etter målgang er det saft og frukt til alle.
I fjor hadde vi totalt 91 ulike deltakarar på Skiferrunda og Rogne IL håpar på minst like mange i år.
Skiferrunda blir arrangert kvar fredag frå og med 26/5 til og med 23/6, frå og med 25/8 til og med 29/9.

Vedlagt følger bilde av Sigurd Øygard som stiller til start, kjem du og?


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.