Skardåstrimmen 2025/2026
Postet av Berit Kvale Lauvhaug den 11. Des 2025
Boka er no på plass på Skardåsen og Skardåstrimmen er i full gang.
Registrering av turar
Du kan registrere turane dine på to måtar:
Appen Stikk UT!
Når du brukar appen, treng du ikkje levere turskjema for å vere med i trekninga.Papirskjema
Skjema ligg i postkassa på Skardåsen og under dette innlegget.
Krav for å vere med i trekninga
Born t.o.m. ungdomsskulen: 3 turar til toppen
Vaksne: 5 turar til toppen
Innlevering av turskjema
Frist for innlevering: 19.04.2026
Skjema kan:
leggjast i postkassa til Anita Lyhus eller Berit Kvale Lauvhaug
eller sendast på e-post:
Appen Stikk UT! Norge
For å vere med i trekninga må de hugse å godkjenne deltakinga i appen.
Dette gjer du:
Ta i bruk appen:
Last ned appen Stikk UT! Norge
Registrer brukar
Gå til StikkUTFORDRINGER
Søk etter Skardåsen vinterturmål og meld deg på
Når du er på Skardåsen:
Trykk "Registrer" på alternativet som automatisk dukkar opp
Berre å ta kontakt om de har spørsmål.
Lukke til – og god tur! ❄️😊🎄
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
